Hopp til innhald

Fjordbu Sauna Urke

Bestill tid
Badstua ved kaia med dørene opne, medan nokon stuper frå kanten ut i fjorden. Eit hurtigruteskip passerer under grøne fjellsider og snøkledde tindar.

Urke småbåthamn · Hjørundfjorden

Ei flytande badstove i Hjørundfjorden

Nyt varme, ro og fjellutsikt – eller ta eit friskt bad i fjorden.

Privat leige for 1–8 personar · 400 kr/time for opptil 3 personar

Varme, ro og fjord

Flytande badstove

Badstua ligg på vatnet ved Urke småbåthamn, med fjord og fjell rett utanfor vindauget.

Bad i fjorden

Gå rett frå varmen og ut i sjøen når du vil ha ein kald dukkert.

Ferskvatn

Både ferskvassdusj og tilgang til ferskvatn inne i badstua.

Omkledning og toalett

Stort, låsbart omkledningsrom. Toalett er tilgjengeleg ved kaihuset.

Sjå sjølv

Bilete og små filmar frå badstua, gjennom året.

Slik fungerer det

Badstua er sjølvbetent, så alt du treng å vite står her.

  1. Booking

    Vel dag, kor mange de er, og når de vil starte og slutte. Prisen ser du før du bestiller.

  2. Nøkkel

    Når bookinga er stadfesta, får du tilsendt kode til nøkkelboksen på utsida av badstua. Lås badstua og legg nøkkelen i kodeboksen når avtalen er over.

  3. Ta med

    Hugs handkle og badetøy, og gjerne ei vassflaske. Er de mange og vil spare tid og plass: skift heime, ta på morgonkåpe og slippers, og gå rett inn i varmen når de kjem.

Sjølvbetjent

Dette er eit sjølvbetent tilbod, og vi set pris på at de følgjer retningslinene våre. All bruk av badstua, og bading i sjøen i samband med bruk av badstua, er på eige ansvar.

Nyt!

Vi ønskjer deg ei fantastisk oppleving. Ta med søppel og forlat badstua ryddig. Gi gjerne tilbakemelding.

Bestill badstua

Vel kor mange de er, dag og tid. Prisen ser du med ein gong.

Privat leige
  • 400 kr/time for opptil 3 personar
  • +100 kr/time per person utover det
  • 20 % rabatt på tida etter 2 timar
  • Frå 1 time til 12 timar
Urke småbåthamn · Hjørundfjorden

Kor mange er de? (1–8 personar)

Hentar ledige tider.

Kva dag?

oktober 2026

LedigFullt

400 kr/time

Vel dag

Kven bookar?

Valt
Privat leige · 2 personar
Pris
0 kr

Vi held av tidspunktet og tek kontakt for å stadfeste. Vi bruker opplysningane dine til å følgje opp bookinga. Sjå personvern.

Finn oss

Urke småbåthamn
Indre-Urke 46
6196 Norangsfjorden
Opne større kart